Hopp til innhald

Carole Montillet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carole Montillet
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 7. april 1973 (51 år)
Grenoble
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, alpine skiing at the 2002 Winter Olympics – women's downhill
Utmerkingar L'Équipe Champion of Champions, offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Carole Montillet (fødd 7. april 1973) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Grenoble. Ho vart olympisk meister i utfor under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City.

I tida februar 2001 til februar 2004 vann Montillet åtte renn i verdscupen i alpine greiner, fire i super-g og fire i utfor. Vinteren 2002 vann ho ikkje eit einaste verdscuprenn, derimot kunne ho stige heilt til topps på sigerspallen etter utfortevlinga i vinter-OL, som klar vinnar framom Isolde Kostner frå Italia. Montillet sikra seg i 2003 FIS-pokalen som verdas beste super-g-utøvar. Under VM i alpine greiner 2005 i Bormio var ho med på det franske seksmannslaget som tok bronsen i lagtevlinga.

Ho la opp etter 2006-sesongen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]